Trump har vunne valet, seier dei på TV no i morgontimane. Verda er sjokkert. Korleis kan ein demagog som han verkeleg klare å få med seg fleirtalet av dei stemmeføre i USA? Tomprat, gapkjeft og trakassering er jo varemerket hans! – Er dei idiotar, heile gjengen?
Dei neste 4 åra skal altså den meinige mann i USA la seg leie av ein styrtrik person som har cruisa rundt i privat jetfly, og fortalt at han skal vere «den lille mann» sin representant for å endre «the Establisment» av rikingar. Grunnen er at han kjenner desse kretsane frå innsida, seier han. Jaha. Superenkel logikk ser ut til å vere svelgbar «over there».
Kor tid åt «the Donald» sist ein burger på Mac’en saman med ein farga person, for eksempel? Kva tid lytta han verkeleg, interessert og ekte til ein polsk bygningsarbeidar på ein av sine «sites»?
Han åleine – eg, eg, eg – skal endre systemet, og setje til ansvar dei politikarane som ikkje hele det dei lovar! Dette medfører at han alt frå starten har sett seg sjølv i den situasjon at han MÅ å byggje muren som Mexico skal betale, MÅ hive ut 11 millionar illegale – sjølv om borna deira vert verande at fordi dei er amerikanske statsborgarar. Han vert NØYDD å gje innreiseforbod for muslimar og MÅ bure inne Hillary. Kva skal elles veljarane hans seie? Kan han leve med å vere ein politikar som ikkje held ord, han også? Vil folk gløyme skrytet og løfta hans? Eller startar opprøret mellom hans eigne – etter dei første, freda 100 dagar som president?
Vårsågod – bli gal. Men så tenkjer eg:
- Korleis ser forresten desse mekanismane ut i vår eigen kvardagslege andedam?
Det vert hevda at dei fleste menneske meiner at propaganda og reklame verkar godt på alle andre, men ikkje på dei sjølv. Eg har jo evne til å gjennomskue triksa og manipuleringa, må vite! Dei andre, derimot…
Eg har høyrt at 85 prosent ser på oss sjølv som meir rasjonelle og intelligente enn gjennomsnittet i befolkninga. Dersom dette stemmer, så må det vel matematisk sett vere ein bra slump med folk som feilvurderer sin eigen evne til å handle annleis enn «den store kvite flokk».
På den andre sida er det sannsynlegvis slik at fornuft er rettferdig fordelt. Eg har i alle fall ikkje høyrt nokon klage på at dei har fått for lite av den sorten. Når ingen klagar, så er det vel rettferdig, då.
Sjølv om vi alle etter eiga meining har ei rasjonell og gjennomtenkt forbrukaråtferd, medverkar vi likevel til at Hotell Cæsar held seg på plakaten i eit tiår, at Se og Hør veks, og klonar av bladet stadig kjem til. Vi får stadig billegare og meir standardisert mat.
Samstundes klagar vi på at Hotell Cæsar er tanketomt, at Se og Hør er eit tarveleg slarveblad, og at maten i daglegvarebutikken smakar stadig meir som papp og emballasje.
Bustadsmønsteret i landet vårt har i lang tid vore under omlegging. Folk klumpar seg saman i byane i leiligheter som kostar meir enn det to sambuande klarar skrape saman av inntekter. Samstundes er dei så tronge å bu i at dei ryk i tottane på kvarandre, berre av å føle seg innestengte.
Kvifor betalar folk så dyrt for å bu i byen? Argumenta er vanlegvis slikt som lett tilgang til kino, teater og anna. Ganske dyre kinobesøk, spør du meg. Ei leilighet i Bergen sentrum kostar etter det eg veit om lag det same som to brukte einebustader her som eg bur, ein god halvtime utanfor byen.
Bilkjøp er ein annan ting. Det er ei lukke å ha nyare bil enn naboen, men du verda, så fort det går over! Kjøper vi bil etter status og signaleffekt, eller kjøper vi etter rasjonelt gjennomtenkte behov og økonomiske reknestykke?
For ikkje å snakke om bilkø. Alle andre er idiotar, burde halde seg vekke frå vegen, dei hindrar jo at eg kjem fram!
Snerten slangekjøring mellom filane, hasardiøse forbikjøringar. «Hah – der lurte eg køen»! Oppførsel som tyder på at fartsgrensa er eit minstekrav for eiga framdrift. Gevinsten er kanskje fire minuttar, og eg stiller meg berre eit spørsmål: –Kva brukar dei den innsparte tida til? Pusse tennene eit minutt lengre, pluss sove middag tre minutt ekstra? Alt til prisene av auka risiko for mange andre som er på vegen?
Innser dei ikkje at grunnen til at råtassar kan «briljere» med sine eminente eigenskapar som sjåførar, er at alle andre tar omsyn, slepper dei inn i køen og er varsame når dei vert forbikøyrde?
Og så var det dette med å skjelle ut folk som uheldigvis utøver sitt oppdrag, enten det er som skrankepersonale eller parkeringsvakt. Dei er der for å gjere ein jobb, og må til tider tole uendelege mengder med utbrot av frustrasjon som botnar i heilt andre ting enn feil dei sjølv har gjort.
Kvifor er det slik at vi trur at det hjelper å kjefte på dei? Øydeleggje heile dagen deira, berre for å ha fått utløp for vår eigen frustrasjon, så vi kan ha ein fin ettermiddag sjølv?
Ærleg talt – eg er sterkt i tvil om mennesket er så veldig komplisert samansett. Av og til tenkjer eg at vi er utruleg enkle.
Heilt til det komplekse i oss går opp for meg på nytt.