Kven er eg, kven er du, – kva vert vi i lag ?
Ei innføring i Jungiansk typologi, der vi ser på generelle ulikskapar mellom mennesketypar, og korleis desse fungerer i jobb og samarbeid.
Humørbonden er sertifisert til å kjøre opplæring i JTI-konseptet, og kan også levere personlighetstestar for individuell gjennomføring og coaching.
Gjennom ulike pedagogiske – og Humørbondologiske – grep, får vi belyst verdien av ulikskap.
«Ulikskap er ikkje feil, berre forskjellig», vert det sagt.
Samstundes vert det sett søkjelys på å vise at det er ulike ting som motiverer ulike personar, og at det er viktig å forstå desse mekanismane for å utnytte dei samla ressursane i ei gruppe best mulig.
Kurset vert tilpassa «i lengde, bredde og djupne» etter forsamlinga og tid til disposisjon