Vi overtok slektsgarden vår på Hjelmåsen i 1989 og bygde opp Hjelmås Hestesenter her. Rideskuletilbodet er no lagt ned, men vi leverer stadig dagsarrangement for alle typar grupper i alle aldre.
Ta kontakt, så lagar vi eit opplegg for di gruppe – gjerne kombinert med servering i Bestefarstova og aurefiske i Hjelmåsvatnet.
Er de litt spreke, så kan de få ei kultursti-vandring til verdas einaste Bygdedyrreservat!
Sjå eiga heimeside på bestefarstova.no og facebooksida.