Basert på Humørbonden si eiga gründerhistorie får lyttarane ta del i tankar, tru og tvil omkring bedriftsetablering. Her er mykje å hente for den som har “ei bedrift i magen” og som gjerne vil ha eit lite puff i ryggen for å kaste seg ut i det.
Foredraget eignar seg også som innspel i samband med omstillingsprosessar, prosjektstart osv. Kort sagt… i alle situasjonar der vi skal gå i gang med noko som har «open ende».