Bøker av Humørbonden. Eige forlag – bestill pr mail: parmelia@parmelia.no

 

nugattiburger

Nugattiburger. 2015.

Humørbondologisk formelsamling. Her finn du mange modellar, sitat og historier frå Humørbonden sine foredrag.

Vi kan nemne:
· Kretabilitymodellen, ein modell for Kreta og Pleti som skal i gang med noko nytt
· Den Humørbondologiske typologimodell
· Den Humørbondologiske x-faktorteori for skaparkraft

Den kan også gjere nytten som ei kursbok, med innspel til gruppediskusjonar og personleg ettertanke.

                                          186 sider, farge.  Pris fraktfritt tilsendt: 330,-. Ved salg under foredrag: 280,-.

 

fem ballongar 2

 

Fem ballongar og eit piggsvin. 2011. Den er skriven ut frå tema som Humørbonden tek opp i sine foredrag over heile landet. Ein collage av tankerekkjer frå Humørbondologi og Generell Bygdedyrlære. Eit nøste av raude trådar, med tankar om enkeltmennesket sin plass og rolle i psykososialt arbeidsmiljø, gründerskap og lokalsamfunnsutvikling.

300 sider. Pris fraktfritt tilsendt: 350.- Ved sal under foredrag: 300.-

 

 

beina på bordet 2

 

Beina på bordet. 2009. Ei kåserisamling der du får copyright – retten til å kopiere. I korte kåseri på ca 5 minutt vert det teke opp ulike tema til diskusjon og ettertanke, innan dei fleste forhold i livet. Ledelse, lokalsamfunnsutvikling, næringsdrift , gründerskap, for å nemne noko. Av og til er det heilt naudsynt at ein verkeleg legg beina på bordet og tenkjer kloke tankar omkring det ein held på med, og kva ein vil framover.

121 sider. Pris fraktfritt tilsendt: 230.- Ved sal under foredrag: 200.

 

 

båten blir til 2

 

Båten blir til mens du ror. 2005. Dette er ei annleis ”managementbok”. Dei fleste i den genren handlar om korleis du gjer det når du skapar ny verksemd.Denne boka handlar meir om korleis du har det som etablerar. Tankar, tru og tvil. Samstundes er det ei erfaringsbok for dei som vil ha eit praktisk døme frå utvikling av ei bedrift som skal vere lokal og lita, så lenge den lever.

189 sider. Pris fraktfritt tilsendt: 300.-Ved sal under foredrag: 250.-

 

 

start med det du har 2

 

Starte med det du har der du er er under arbeid.Gjennom reiser over heile landet har Humørbonden møtt mange interessante og spanande menneske som har starta si eiga verksemd.Idéen til boka er å samle gode historier om folk som kan, vil og tør – gjerne på trass av det alle andre meiner er mogeleg. Boka inneheld pr i dag 12 slike kapittel, og eg ynskjer fleire. Kjenner du til gode kandidatar, så gje meg gjerne eit tips!