Eg har etter kvart halde ei rekkje bedriftsinterne HMS-foredrag for oljeretta industriverksemder, men også offentlege foredrag  for medlemmer i bedriftshelsetenester osv.

Foredraga er tilpassa til bedrifta sin storleik og situasjon. Ting treng ikkje vere så vanskeleg. Det handlar om å ta vare på kvarandre, og den kloden vi bur på. Innhaldet i HMS er kort og konsist oppsummert av ein lokal bedriftsleiar i min region Nordhordland, på vårt eige målføre:

– “Injen ska’ gjera ska’ på seg, og me ska ikkje hiva sjit på sjødn”!

At eg har vore utsett for ein ryggskade som gjorde meg sengjeliggjande, og at eg har et 4 mnd praksiskurs i å vere utbrent, er ein naturleg del av historia.  Det same gjeld vanskelege ting som nedbemanning, konflikter og endåtil sjølvmord, som eg har måtte forholde meg til i leiarrollen.

På den formelle sida har eg gjennom erfaring lært å forholde meg til Arbeidstilsyn og Politi i HMS-saker.  Eit hakk strengare enn desse er faktisk kundekrav frå oljeselskapa.  Eg har også utarbeidd og implementert Kvalitets- og HMS-handbøker for Radøygruppen, desse er godkjent av Veritas etter ISO 9001,  ISO 14001 og OHSAS 18001

Sæleg tar eg opp spørsmålet om kva vi sjølv kan gjere med vårt eige psykososiale miljø, jantelov og samarbeidsproblem internt.

Foredraga har ulik form – alt frå korte innlegg, og opp til dagskurs med eigenaktivitet og intern drøfting av  kanskje det vanskelegaste tema av alle:

– Korleis få HMS-arbeid til å fungere i praksis, hjå oss?