Eit generelt foredrag for dei som synest at mykje skulle vore gjort, men at det er vanskeleg å kome i gang. Det kan også opplevast som eit behov å få til endring av den situasjonen du står i, anten du er arbeidslaus, eller vil starte for deg sjølv.

Det handlar etter mi meining om bevisstgjering i forhold til:

– Kva du har (ressursar, kontaktnett, kompetanse …)

– Kvar du er (geografisk, livssituasjon, marknad…)

… men mest av alt om det å starte.  Utan initiativ skjer ingen ting. Vi har så lett for å finne forklaring i ytre faktorar og rammevilkår på kvifor vi ikkje får til noko sjølv, og slike tankar fører ingen stad hen.  Eg har laga eit kåseri om dette – «Norsk Rævsparkservice as».

Det hjelper lite å vere verdsmeister i tilløp utan hopp!