Her snakkar vi om eit konsept for endring av bedriftskultur over tid, basert på Oppmuntring som fenomen, metode og livsstil.

Tanken er at det er meir effektfullt å oppmuntre folk til å gjere noko, enn å krevje handling og endring.  Særleg gjeld dette i frivillige samanhengar, der ingen har (sterk) formell makt

I bedriftslivet er Oppmutringssertifisering ein annan måte å omtale og arbeide med psykososialt arbeidsmiljø internt, og kanskje etter kvart også med kundehandsaming!

Konseptet har ein del logiske element som må til for å endre bedriftskultur:

1 Inspirasjonsforedrag ( «kick-off)

2 Utnevne / kurse / sertifisere interne aktivistar – Oppmuntringsagentar

3 Utnevne eit Oppmuntringstilsyn som har til oppgave å sørge for at aktivistane ikkje går trøytte, eller stoppar opp

4 Lage oppmuntringsplanar, for konkrete handlingar

5 Kontroll av gjennomførete tiltak, nye planar for neste år, sertifisering, v/ Det Nasjonale Oppmuntringstilsyn

Det er viktig å forstå at dette ikkje er eit prosjekt, men starten på ei permanent endring av bedriftskulturen, der summen av dei små ting over tid etter kvart vert betydeleg.  Det er difor viktig med forankring i organisasjonen, før ein vedtek å gå i gang.

Det fins oppmuntringssertifiserte verksemder og lokalsamfunn som ein kan kople seg opp mot for erfaringsutveksling, gjensidige besøk etc.

Det beste er å ta kontakt for ein utdjupande prat om konseptet, dersom ein er interessert.  Ring Geir 91 60 00 60.