Vi gjer det ofte for vanskeleg, trur eg.  Hyllemeter med prosedyrar for «du skal » og «du skal ikkje» er produsert.

Likevel går det til sine tider så gale at folk vert skada.

I paragraffrie HMS-kurs omtalar eg både fysisk og psykososialt arbeidsmiljø, men eg brukar ikkje dei orda. Eg snakkar heller om sikkerhet og trivsel… og er det sett av tid til det så involverer eg dei tilsette i diskusjonen.   MEN – eg veit godt at vi ikkje er i lovlaus sone, sjølv om det er paragraffritt!

Kursa er «skreddarsaum» tilpassa bransje og aktuelle problemstillingar.