Dette er eit dagskurs der ein får innføring i tankegang og konsept bak møteforma Open Space Technology (OST).

Mange har vel opplevd at høgdepunktet i  møter og konferansar var pausane. Der fekk ein møte dei folka ein sjølv ville, og snakke om det som ein i fellesskap fann å vere viktige ting.

Den geniale tanken i OST er difor: «- Kva skal vi vel med møte, når kaffipausen fungerer så bra?»

Kurset krev ingen forkunnskapar, berre ei ekte interesse i å få folk til å kommunisere godt i lag.

Open Space Technology: People really listening to people really talking. Fasilitatoren si viktigaste rolle er å halde «rommet» ope, slik at ingen tar kontroll og dominerer over andre.

open space 1 open space 2 open space 3