Når tida står stille

posted in: Ettertanke | 0

Eg er usedvanleg heldig med mitt arbeidsmiljø.  Kjekke og dyktige folk rundt meg. Liten risiko for skade. Ikkje fare for ran og vald. Arbeidsoppgåver som eg likar og meistrar.  Tidvise utfordringar for min kreativitet og innsatsvilje.

Av og til  medfører ein  «vanleg» dag på jobben møter med «uvanlege» menneske, der ein verkeleg får testa ut sine eigne fordommar.  Haldningar eg har, som ofte er kombinert med manglande innsikt og ettertanke.

Eg deler med deg eit slikt glimt i tida, som nok har gjort meg litt meir tolerant og ettertenksam. Eg har også vorte mykje meir takksam for mitt eige arbeidsmiljø. Det står nemleg i stor kontrast til det som denne kvinna hadde å forholde seg til.

Her på garden vår tar eg i mot mange slags grupper : Funksjonshemma, friske, narkomane, innsette.

Ein sommar vart det slik at eg tok imot nokre grupper av prostituerte som Utekontakten i Bergen gjerne ville gje eit tilbod. Eg tok dei med på gardsoppleving, fisketur, kanopadling og det eg har å by på av utandørsaktivitetar. Eg la merke til at dei nigerianske jentene var svært flinke til å sløye fisk og lage til grillmat. Då eg kommenterte og gav dei kompliment for dette, fekk eg vite at dei – som eldste jente – hadde som fast plikt frå dei var 6 år å lage til mat for heile storfamilien.

I ei bisetning kom det fram at frå dei var 16, så endra plikta seg til at dei måtte forsørgje heile familien. Difor var dei i Noreg.

Vi hadde ei triveleg dag saman. Smil og latter, gardsoppleving, gode samtalar. Gruppa skulle reise tidleg tilbake fordi dei skulle på kveldsjobb.

I det dei entra bussen, snudde ei av jentene og kom tilbake til meg. Åleine. Heilt stille retta ho fram handa, og sa: –”Tusen takk, dette er den kjekkaste dagen eg har hatt i Noreg”.

 

Ho fekk tida til å stoppe opp. Den stod stille lenge mellom oss to. Eg kjende at eg verkeleg kunne forstå djupna i den enkle setninga hennar.

 

Så lausna tida, jenta snudde, og bussen kjørte av garde.