Dette foredraget er berekna på omstilling i større organisasjonar. I slik prosess oppstår mange kjensler. Alt frå sinne og vonbrot hjå dei som vert råka av endringar og bemanningsreduksjon – og til dårleg samvit og skuldkjensle for dei som ikkje vart berørt.
Målet med innslaget er å skape aksept for dei reaksjonar og kjensler som har oppstått, og påvise at det trass alt går ein veg framover.

I dette foredraget trekkjer Humørbonden metaforar og parallellar til den gong effektiviseringa ramma gardsbruket hans. Tida då traktoren kom og hesten måtte reise. Alle jubla for framsteget og effektiviseringa, men ingen spurte hesten kva den følte då det skjedde…