Mellomrommagjermeiningalettareåsjå

posted in: Ettertanke, Geir Styve | 0

Tenk deg ein lang tekst utan mellomrom, komma eller punktum. Det er ikkje vanskeleg å innsjå at ein slik tekst er vanskeleg å lese på ein meiningsfull måte.

Mellomrommet ser eg på som det skrivne ord sin motsats til talet 0 i matematikken. Begge er dei ingenting, men likevel avgjerande for at vår sivilisasjon fungerer slik vi kjenner det i dag. Med andre ord: «Ingenting» er utruleg verdifullt.

Eit relevant spørsmål vi alle burde stille oss, er om vi lever liva våre på den same måten, utan nullar og mellomrom. Vi står opp om morgonen, og nyttar dagen i eit einaste surr der vi konsentrerer oss om å produsere ting som vi meiner er meir verd enn null. Slitne kryp vi under dyna for å samle krefter til neste mellomromslause dag… og skuldar på tidsklemma, før vi sovnar for kvelden

Vi må vere medvitne om kva tid det oppstår mellomrom, og nytte dei fullt ut til å få tydeleggjort meininga med livet. Eit mellomrom kan vere så lite at det berre er eit takknemleg augekast frå ein ukjent person som du opna døra for. Det kan også vere den gode praten etter eit formelt møte, der kaffipausen løyser fleire problem enn sakslista som det tok tre timar å kome gjennom.

Velplasserte nullar og mellomrom er som sagt naudsynt for å gje meining.

Tre mellomrom, kanskje fem eller tolv fungerer på same måten.

 

Men meininga forsvinn dersom livet skal bestå av ingenting     anna enn, eller       alt for mange                                                                           mellomrom.

 

Geir.