Kvardagsterroristane iblant oss

posted in: Ukategorisert | 0

Ærleg talt eg gjev ikkje så mykje for sikkerhetskontrollen på ein einaste av flypassane våre her til lands.

Dei krev at et skal ta av meg alt frå sko til belte, og gjennomlyser både pc’n og tannkosten min. Dei sjekkar turban og skjegg hjå folk med mistenkjeleg hudfarge, og stengjer av heile flyplassen dersom nokon seier ordet ”bombe” som ein spøk.

Men kvardagsterroristane trekkjer ikkje på ei mine. Dei drar derimot med seg mobiltelefon. Securitaskontrollen har garantert at den er fri for sprengstoff, men apparatet kan likevel få folk til å eksplodere.

Ventetida skal nyttast fullt ut, og dei ser seg difor nøydd til å fylle den med ei mengde med mobiltelefonsamtalar. Helst midt oppe i ei stor forsamling av andre ventande menneske, som er tvinga til å sitje i det same venterommet, ufrivillig bundne til å høyre på samtalane deira.

Høglydt gneldrar alle desse lauspratarane ut mengder av intern informasjon av ulik karakter som aldri tar slutt. Jabbar, kranglar, klagar og syt. Absolutt ingen omtanke for kor nær dei sit andre, og kor høgt dei snakkar.

Spar oss! Spar oss for buldrete meklarar med brylkrem i håret som likar å vise at dei er verdsmeistarar i å prate om store tal til  eiga lomme, kombinert med «dumme kundar». Spar oss for pedagogdamer med rosasjal og sirkelsagstemmer. Slike som må ordne opp i alle detaljar for både klientar og seg sjølv, før flyet går.

Måtte dei heller lære seg å kaste bort tida si på ærleg vis. Avgrense seg til å spele kabal, eller candycrush på telefonen. Til naud sende ein SMS, eller gje ein kort beskjed på mobilen, om dei absolutt må. Seier du frå om at dei er til plage med maset sitt, så er du prippen. Reindyrka kvardagsterroristisk hersketeknikk, vil eg kalle det.

Samfunnsutviklinga har no nådd det stadiet at når eg er fastlåst i det offentlege rom, så er det oftast slik at det eg ynskjer meg mest er eit tosidig høyreapparat som kan skruast av, og ei breiddfull vassbytte for langtidslagring av mobiltelefonar.

Kanskje tida er inne for å starte produksjon av mobiltelefon påmontert alkolås,  masefilter og heilautomatiske sosiale antenner?