Landbruksminister Sponheim brukte i 2003 ordet «sutrebonde» i eit intervju.  Eg lot dette trekkje meg opp til det punkt at eg i sinne søkte på «+humør + bonde» på internett. Eg tenkte som så : – «Eg veit at det fins mange humørfylte og kjekke bønder!» Men- det gav 0 treff.  Kontrollsøket med «+ sutre + bonde» gav 2360.  Med andre ord – ingen hadde tenkt på kombinasjonen Humørbonde, ingen visste heller kva det var. Så eg berre gjorde det – og held på enno.

Werner Finck sin definsjon er: – «Humør er å overvinne fortvilelsen med muntre midler«. Den støttar eg meg på i det eg tar med i mine foredrag.  Alvor er det dessutan nok av – til alle – og det er meir enn nok av dyktige formidlarar i den genren.

PS! «Standupbonde» er stadig eit ledig merkenamn.  Berre ta det, du,  for det er ikkje noko eg kan klare å vere. Fordi det sannsynlegvis krev at ein må vere god i å spele gitar, og til å fortelje vitsar.