Eg har fleire utdanningar.

Frå barnsbein av lærte eg via naturmetoden frå foreldre og besteforeldre å verte bonde og driva gard.

I Luftforsvaret utdanna eg meg som forsyningsoffiser, og tenestegjorde også som instruktør på befalsskulen.

Etter nokre år i Forsvaret perioden fylgde ingeniørutdanning og ein 17 års periode som tilsett i byggebransjen. Her har eg vore både rådgjevande ingeniør og leiar, og arbeidd i produksjonsverksemd, handel og offentleg etat.  Kontakten med byggebransjen opprettheld eg enno gjennom å drive som takstmann.

Utdanning som gründer har eg fått gjennom å hoppe i det: Eg slutta i fast arbeid tok deretter nokre langvarige kurs i LBT – Learning By Tryning. Dette er supplert med kveldsstudier på BI over mange år, inntil tittelen Master of Management vart nådd i 2009.

Som rådgjevar  har eg  hjelpt mange verksemder med bedriftsutvikling, og gjennom dette lært meg mange ulike «stammespråk og tenkemåtar. Eg har også fått vere med kundar som har late meg får utvikle kvalitetssystem for etter ISO 9001, ISO 14001 og OHSAS 1800, og sertifisere desse av Det Norske Veritas.

Mest av alt så interesserer eg meg for å finne strukturar i kaos, og å formidle det enkle i det kompliserte. Trivsel på jobben og lokalsamfunnsutivikling er også tydelege interessefelt.  Gjennom dette har eg no reist 10 år «på vegen» med mine  skreddarsydde foredrag i tillegg til verkstadsopplegg på inspirasjons- og vedlikehalds-turar over heile Norge, supplert av  nokre få turar utanlands,  Den samla erfaringa eg har oppnådd er etter kvart den delen av min kompetanse som eg no set aller høgast.