Humor til ettertanke er kundeløftet frå Humørbonden. Kundelista spenner vidt: Frå internsamling i Skatteetaten til landssamling i Geomatikkbransjen. Frå lokalsamfunnsutvikling i Loppa, til innlegg på Gardermokonferansen.
 Humørbonden sine foredrag er slett ikkje berre for bønder! Av og til er oppdraget å gje ein frisk start på dagen, andre gongar er det bestilt eit «løft ut døra» på heimvegen. Eller kanskje eit tankevekkjande foredrag om psykososialt arbeidsmiljø, Jantelov og Bygdedyr. Alt er ikledd humoristiske metaforar, observasjonar og erfaring henta frå livet som bonde og bedriftsleiar. Dette gjer at poenga til Humørbonden er lette å sjå og forstå. Dermed vil dei raskt skape refleksjon og ettertanke omkring kvar enkelt publikumar sin eigen situasjon.
Det vil alltid skje ei tilpassing av foredraga i dialog med kunden, der målet med oppdraget er det som vert lagt til grunn for Humørbonden si tilnærming. Eg tilpassar alltid tema, vinkling og omfang til kundens ynskjer og situasjon. Kontakt meg på mobil 91 60 00 60 eller e-post parmelia@parmelia.no.
Les meir om dei ulike foredragstitlane i vala under fana «kurs/foredrag».
humørbonde roller