Verkstadskonseptet kan ha ulikt fokus og målgruppe.  Det eignar seg like godt bedriftsinternt som i lag og organisasjonar, eller også rett og slett som bygdemobiliseringstiltak. Namn og tema for verkstaden vert tilpassa til formålet.

Dette er eit dagskurs, der første bolk er eit inspirasjonsforedrag, deretter kjem eigenaktivitet hjå dei deltakande.

Utkomet av verkstaden skal vere:

a) «Nytente» eldsjeler med eigarskap til  overkommelege prosjekt, som dei har lyst til å gjennomføre

b) «Legitimitet» i bygda/organisasjonen for at vi samlar kreftene og vil forsterke positiv utvikling, – kanskje med litt nye grep

 

Variant for frivilliglivet i bygda.

Mange stader er det behov for ein slik verkstad, men det er ikkje mulig å ha det innan arbeidstid. Det er god erfaring for at fylgjande oppsett fungerer bra:

Fredag kl 19-22: Inspirasjonsforedrag, evt med tillegg av lokal underhaldning, aktuell informasjon, servering etc

Laurdag kl 10-15: Verkstad for dei som vil

Deltakarane har då fått sove litt på innspela frå kelden før, og kan omforme desse til lokale forhold.  Med Humørbonden som pådrivar arbeider vi ut planar av eit omfang som det er dekning for i frivilligressrursane i bygda, når det gjeld tid og pengar.  Alle prosjekt må til slutt ha ein eigar som synest at dette er kjekt å drive med, og neste steg må vere avtalt før vi går frå kvarandre.

Utfordringa ligg alltid i å «holde trykket» oppe over tid. Kanskje oppmuntringssertifisering kan vere eit bra tiltak i så måte?