Det vart annonsert frå Lindås kommune i 2008 at dei gjerne ville ha innspel til rullering av kommuneplanen. Slagordet til kommunen er: – «Der draumar vert røyndom», så eg søkte like godt om å få løyve til eit Bygdedyrreservatet i utmarka vår. Sjå video om planarbeidet her og om stengingsseremonien her. Over porten står: – «Der traumar vert røyndom.»

Reservatet er nytta som ein arena for verksemder, skular etc.  Vi lagar pakketurar med formål om å drøfte arbeidsmiljø, mobbeproblem etc i ei kulisse som stimulerer fantasi og kreativitet og gjev refleksjonar med på vegen heim.