”Eg ser for meg at Bygdedyret er eit ufyseleg pelskledd vesen som snik seg rundt mellom husa for å spreie si gift. Brått kløyver det seg i to delar som raskt veks til full storleik og kjapt kan dele seg på ny. Snikande fer dei rundt og markerer sitt revir, og kvar einaste ein stinkar verre enn eit dusin hannkattar. Kvesande slengjer det av seg Jantelova sine paragrafar: «Du skal ikkje tru at idèen din er noko god, og du er ikkje betre enn oss fordi om du har ein idé, og vi skal no vente og sjå, dette går heilt sikkert ikkje bra likevel» (Utdrag frå Humørbonden si bok: ”Båten blir til mens du ror”)

Verda er full av Bygdedyr som kan spreie angst og stele motet frå nokon og ein kvar, anten ein er etablerar eller arbeider i ein stor organisasjon.

Tilhøyrarane får gjennom foredraget kjennskap til dei ulike artar av Bygdedyr, deira geriljateknikkar og aktuelle mottiltak.

Forteljinga byggjer på Humørbonden sine eigne erfaringar frå bedriftsetablering i typisk vestnorsk bygdedyrterreng, og observasjonar frå reiser i inn- og utland.

Gjennom lokalt oppmuntringsarbeid og mobilisering har no heimbygda hans, Hjelmås, teke merkevara Humørbygda og er nærast å rekne for bygdedyrfri sone. Etter eit grundig planarbeid har Lindås kommune godkjent eit Bygdedyrreservat.  Dette vart klargjort til bruk gjennom at ordføraren stengte det av, i ein gripande seremoni. Nye idèar, humør og trivsel kan dermed blomstre uhindra fram.

Humørbonden har også gitt ut bok om generell bygdedyrlære.