Foredraget byggjer på lokalsamfunn som metafor, men det er tydelege parallellar til både bedriftsutvikling og gründerskap.

Skulen skal leggjast ned, lokalbutikken går dårleg, folketalet er synkande og forgubbing er eit tydeleg trekk i bygda;

Korleis skal ein ta fatt i en vanskeleg situasjon?
Korleis kan ein mobilisere til varig innsats?

Humørbonden lanserer ingen “quick fix” – men peikar likevel på ein del viktige faktorar  og fortel historier frå kva andre har gjort i liknande situasjonar.